Maverick skrev:
"De burde være glade for hva som helst"? Jeg synes ikke det er spesielt stilig å legge slike ord i munnen min. Det er snakk om å redde liv.
Jeg blir litt matt av denne konstrueringen av problemstillinger. Det høres Frp-sk ut.
Norge har ræva stappfull av penger, klart vi har økonomisk mulighet til å håndtere problemstillingene, til å ha flere spesped i skolen, til å ta inn krisepsykologer, til å bygge bedre asylmottak. Det handler om prioriteringer, og global samvittighet.
Det er dessverre ikkje konstruert i det heile tatt, men basert på erfaring. Eg kjenner eg er litt frustrert over at eg ikkje kan komme med meir konkrete eksempler i denne debatten på grunn av teieplikt. Men det er eit reelt problem. Eg har sjølv vore den ufaglærte studenten som blei sett til å håndtere denne elevgruppa utan kompetanse. Og eg hadde eit mykje meir åpent og unyansert syn i invandringsdebatten før eg gjorde meg desse erfaringane.
Eg er veldig langt frå FrP, og synest samanlikninga er direkte urimeleg. Og viss du les det eg har skrive i fleire innlegg over, så seier eg det same som deg, at det må meir kompetanse inn
der menneska er. Det må psykiatrisk kompetanse inn i institusjonar som møter mennesker med traumer på lågterskelnivå. Det er ikkje nok at ein må oppsøke ein fastlege, få ein henvisning og sjølv be om hjelp for å få det. Og det er det som er realiteten i dag.
Eg seier ikkje at vi skal sende desse flyktningane tilbake til Homs, men det er ikkje eit godt nok mottaksapparat slik samfunnet er i dag. Og det burde vore løyst på eit mykje høgare nivå enn på kommunenivå.