Maverick skrev:
Selv om det nok byr på store utfordringer å finne den korrekte, utdannede kompetansen med arabisk som morsmål, men er det bedre å være syk og traumatisert et sted man i tillegg står i fare for å bli drept hver dag, og ikke har nødvendige livsressurser, enn i det minste i trygghet med basale behov dekket?
Prinsippielt tenker eg mykje av det same som deg. Og behovet for tryggleik burde trumfe ganske mykje anna.
Samtidig er det jo ikkje så enkelt at flyktningane bare skal få tryggleik. Når dei først kjem til kommunane, skal dei ha dei same rettane som alle dei andre innbyggarane som bur der frå før av. Dei skal ha krisehjelp, helsehjelp, skulegang med meir. Og det å jobbe med for eksempel barn med traumer, krev kompetanse.
Eg er ikkje for lukka mottak, men viss det kun er behovet for tryggleik som skal dekkast, beveger vi oss veldig nærme den diskusjonen. For på eit lukka mottak er dei
tross alt trygge. Men det er ikkje det vi vil? Vi vil gi dei menneskene som kjem til Norge eit tilbod som er likeverdig det alle andre har. Vi vil ikkje skilje mellom innbyggarar med fullverdige rettar og innbyggarar med rett til tryggleik! Og då må det og vere eit apparat som kan ta i mot desse menneskene, med dei diagnosene dei har.
Eg meiner at dette burde vore ein del av pakka, når vi sa ja til å ta i mot FN-flyktningar. Men så lenge det ikkje er ein vidare oppfølgingsplan, skjønner eg godt at det er eit ressursproblem her. Og eg er tilbøyeleg til å lese dette neiet frå kommunane som eit rop om hjelp til å følgje opp dei som kjem og eit rop om kompetanseheving. Det er ikkje sikkert det er arabisktalande krisepsykiatarar som skal til. Men barn med krigstraumer treng noko meir enn ein student som får ansvar for å "passe på" at barnet ikkje skader medelevar.