Ja, det har vi. Vi har eit multiapparat med step og ulike mogelegheiter for vekttrening. Vi fekk anbefalt å satse på eit apparat med vekter og ikkje strikkar som motstand. I tillegg har vi eit slikt som
dette, som også er mykje brukt. Eg har også lyst på eit Ellipseapparat, men det står foreløpig på ynskjelista.
Motivasjonen er høg musikk med fart i, og gjerne heile familien i aksjon på ein gong. Minste kjem ofte og lurer på om vi ikkje skal trene, for ho elskar å hoppe på minitrampolina som står der. Vi har altså eit eige rom for treningsapparata.