[Bryllup] Har kjole - treng stylinghjelp
Eg har kjøpt denne kjolen:

Planen er å bruke han med den sandalen som er framst i biletet på 17. mai, evnetuelt med eit kvitt skjerf og/ eller kvit bolero til.

Om ein drøy månad skal eg i bryllup. Eg er brudens søster, i den grad det er av betydning. Korleis kan eg best gjere meg bryllupsfin i denne kjolen?
Eg må ha flate sko. Eg kan ikkje gå i sko med antydning til hæl, på grunn av bekkentrøbbel, noko som gjer finsko litt komplisert. I tillegg er føtene mine ganske breide, så det er ofte vanskeleg å finne sko i smale modellar som passer. Ballerinasko funker som regel, men det blir liksom ikkje bryllupsfint. Eg bør vere meir oppdressa enn på 17. mai. Eg ønsker meg til sko og stæsj som kan gjere denne kjolen bryllupsfin, utan at det koster ei lita formue? Ekstra fint om det kan bestillast på nett.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|