Når 9-åringen ikkje vil ha bursdagsselskap ...
Mellomste blei 9 år i påska, men på grunn av påskeferie etterfulgt av vinterferie her i Bergen har vi ikkje hatt barneselskap endå. Men no er det altså på tide. Det er ti jenter i klassen og i tillegg har ho to venninner som gjekk i klassen tidligare som ho vil invitere.
Problemet er at ho ikkje klarar å bestemme seg for korleis ho vil feire dagen.
Alt er visstnok kjedelig. Eg har foreslått følgjande:
- kinobursdag
- laserparty
- Leos lekeland
- Badebursdag på Vannkanten
- Bowling
- Hestebursdag med ridning
- pysjamasparty her heime med film
Kino utgår fordi ho har sett to av tre filmar det er mulig å velge mellom. Den siste er Kung Fu Panda 3, som eg trur er morsom, men ho meiner den garantert er kjedelig. Bowling var ho positiv til før vinterferien, men etter å ha prøvd det for eit par dagar sidan har ho snudd og meiner at ho får vondt i tommelen av det. Hestar luktar osv. Med andre ord har ho berre masse dårlige forklaringar på kvifor ho ikkje vil ha det eg foreslår. Leos lekeland maste ho om at ho ville ha i januar/februar, men no er det visst heilt ut. Uvisst kvifor.
Selskapet bør vere neste helg, så invitasjonane må ut på mandag. Så det begynner å haste litt. Dessuten må eg jo bestille ei viss tid i forvegen dersom ho skal ha bursdag ein anna plass enn heime. Eg har spurt ho daglig den siste veka, men ho blir berre meir og meir irritert og sur for kvar gang eg tar opp temaet. Det siste no er at ho ikkje vil ha selskap i det heile tatt.
Eg er usikker på kva som eigentlig er problemet. Det er mulig at ho har litt "prestasjonsangst" og at ho er redd for at gjestane ikkje skal like festen. Eller så er ho rett og slett berre vrang for å irritere meg. Vi er litt som olje og vatn for tida. Alt eg foreslår er per definisjon teit uansett.
Eg syns ho oppfører seg litt som ein bortgjemt drittunge, så det er fristande å seie "ok, då blir deg ingen bursdag". Men eg syns det er litt for ille! Eg er ganske overbevist om at ho innerst inne vil ha selskap. Men av ein eller anna grunn har det gått litt i lås for ho. Såvidt eg veit trivast ho i klassen. Ho har alltid nokon å vere med og er godt likt.
Nokon som har opplevd lignande og har eit forslag til løysing?
Eller kanskje eit forslag til bursdagskonsept som eg kan be pappaen foreslå for ho? Trur det er best at eg holder meg utanfor sidan ho ikkje går med på noko som kjem frå meg.
Finns det andre arrangerte bursdagskonsept i Bergensområdet som eg ikkje har tenkt på?
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Sist redigert av Simone : 02-04-16 kl 16:14.
|