Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Mat og kosthold > Madam Mims oppskriftsforum

Dei beste rørte jordbæra

Madam Mims oppskriftsforum Har du noen gode oppskrifter å dele, eller er på jakt etter noen gode oppskrifter? Da er dette det rette forumet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 07-07-12, 16:28   #1
Hondacrv
Gå heim, kyss din kvardag
 
Hondacrv sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Hvor: Buskerud
Innlegg: 13.122
Hondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de flesteHondacrv er kulere enn de fleste
Standard

Dei beste rørte jordbæra

I dag var dagen der att. Det viktigaste var kjøpt inn: 2-litersposar, Jam frysepulver og brunt sukker. Melkekartongar hadde eg spart på ei stund. Grunnen til at dagen var der nett i dag, er at det ikkje har regne på eit par dagar. Då er bærene best.


Her kjem framgangsmåten for det EG meiner er det beste syltetøyet:

1. Eg tar 4 baljer, ein til urenska, to til renska, og ein til bosset.
Eg renskar alle bæra.

2. Så kjem den litt brutale delen som passar bra viss du har ein dag der du treng å få ut aggresjonen overfor teite eksar. Eg tar ein stor, spiss kniv og kjører han nedi baljen med dei renska bæra. Manga gongar. Då får eg kutta dei litt. Eg kunne tatt dei i maskin, men då blir det så butikkaktig; litt klumpar skal det vere i syltetøyet.

3. Eg blandar Jam og sukker. Eg brukar brunt sukker, det er litt sunt, visst, og godt. Eg tar alltid så lite som mulig, då blir det friskare. Altså ca 300 g til eitt kilo bær. Eg blandar med håndmiksar så ikkje klumpane forsvinn. Det er litt grisete, eg legg eit kjøkkenhåndle over når eg miksar inn sukkeret og Jam-en.

4. Så set eg fram to eller fleire små litermål, set eit 2-literspose oppi kvart og heller syltetøyet frå bollen over i posen, knyt posen saman og legg han i melkekartongen. Grunnen til dette er at alt som blir selt på matbutikkar av fryseemballasje er så stort. Det tar stor plasss i frysen, og porsjonane vert altfor store. Ein passeleg porsjon gjev plass til 4 plastposar i ein melkekartong.

Så merker eg det, "J 12" og set det i frysen, vaskar kjøkkenet og meg sjølv . 8 liter blei det i år.
To timar tok det frå start til slutt (inkl rydding etterpå). Då har du syltetøy gjennom heile vinteren. Eg følger same oppskrift med bringebær. Men det går jo endå fortare, dei skal ikkje rensast.

Vedlagte bilder
Filtype: jpg Sommarferie 088.jpg (186,9 KB, 81 visninger)
Filtype: jpg Sommarferie 086.jpg (193,7 KB, 72 visninger)
Filtype: jpg Sommarferie 087.jpg (190,9 KB, 84 visninger)
Filtype: jpg Sommarferie 085.jpg (183,9 KB, 76 visninger)
__________________
05

Sist redigert av Hondacrv : 07-07-12 kl 16:45. Årsak: Bilda forsvann.
Hondacrv er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 06:48.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no