Kaffemaskin til jobben
Er det nokon som har tips til god kaffemaskin til ein arbeidsplass? Er snakk om to maskiner fordelt på eit hundretals personar.
Har dobbel mokkamaster som eit alternativ, men det hadde vore flott med ei stor maskin med f.eks kvern. Litt vedlikehold er greit. Kostnad i innkjøp er ikkje alfa omega, men kostnad i bruk betyr ein del. Sånne kapslar utgår - det trur eg blir altfor dyrt, og "fjuklete" når det er så mange menneske som skal ta det i bruk. Melkesteamer er neppe nødvendig (=meir søl). Trykke på ein knapp og få kaffe er fint, men vanlig trakting er også akseptabelt.
Per i dag har vi eit digert beist med melkepulver som stoppar seg og mykje søl og vedlikehald. Vi har gitt opp på bedriften som leverer, og vurderer å berre kjøpe inn mindre, "vanlige" maskiner.
|