Bytting av julegaver
Kva tenker de om å bytte julegaver?
Vi har hatt ein diskusjon her nå, fordi eg fekk eit iPhonedeksel med mariusmønster til ca. 200,-, eg ikkje kjem til å bruke fordi eg har eit lekkert deksel. Det er frå ein bokhandel, eg gjerne kan tenke meg nokre andre ting frå. Eg skal innom nabobutikken og bytte fint babytøy i str. 62 (som vi har enormt mykje meir enn vi får brukt av etter barselpresangane) i større storleikar uansett. Vi har og fått dobbelt opp av noko, som eg vil bytte. Mannen skal bytte storleik på ein genser som er for stor, også.
Diskusjonen er knytta til mobildekselet eg veit eg ikkje kjem til å bruke. Mannen meiner det er greit å bytte feil storleik og ting ein har fått dobbelt opp av, men at denne tingen ikkje er grei å bytte. "Man bytter da ikke gaver!". Eg meiner at det er betre å bytte i noko eg vil bruke, enn å la det ligge i ei skuff. Tanken var god, men eg har fleire liknande dingsar i skuffene mine allereie.
Kva meiner de? Er det å bytte ein gave som ikkje faller i smak uhøfleg på eit "slik gjør man da ikke"-nivå, eller er det greit. Eg har aldri tenkt at det handler om å vere utakknemlig, meir om å vere litt praktisk med tanke på forbruk.
Presisering: Eg er ikkje ute etter legitimering av byttinga, men eg er nysgjerrig på kva folk tenker, prinsippielt. Er det uhøfleg eller er det greit å bytte gaveri slike tilfeller?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
Sist redigert av nokon : 27-12-12 kl 01:03.
|