Sv: Å bli ferdig med barn
Men slikt har også mykje med kva ein vil ha utav livet å gjere. Om det å ha born er ein av mange ting ein vil gjere så er det sikkert smart å få borna tett og heller glede seg over vaksne born og barnebarn seinare. Eg gjekk på ein eksistensiell smell då eg var 15 år, og etter det fann eg ut at det å ha familie, ha ein trygg heim, ein ok jobb og ein mann eg elskar var det eg ville prioritere i livet. Eg har lita tru på at det å gjere ting periodevis passar for meg. Eg vil heller ha eitt lite barn i gongen og heller ha tid til konsertar, rødvinskveldar og skiturar ved sidan av familielivet. Ikkje utsette det til ungane vert store.
|