Sv: Medias ansvar
Dette er ei veldig interessant problemstilling synest eg.
Eg meiner det er media si oppgåve å drive informativ og reflektert journalistikk i slike saker. Desverre har media ein stygg tendens til å tabloidisere (les: Tyggis er helsefarleg) og spissformulere funn frå forsking, ofte på grunn av journalistane sin manglande kunnskap om fagfelta.
Eg kunne godt ha tenke meg at journalist-utdanninga vart femårig, og fekk eit langt meir omfangsrikt innhald enn i dag. Forskingsjournalistikk krev svært kjeldekritisk sans og evne til å tolke forskingsresultat. Slik det er i dag så leitar ofte journalistar fram den mest oppsiktsvekkjande setninga frå ein forskingsrapport, og presenterer enkeltfunn som ei objektiv sanning. Eg saknar at dei også tek omsyn til fullstendige konklusjonar, tilrådingar frå fagfolk, og ikkje minst ei sjølvstendig og balansert framstilling av funn frå forskinga.
|