Sv: Filosofi (transperson som eksempel)
Nå har eg lese gjennom tråden igjen, for eg synest heile tråden utvikla seg veldig rart.
Eg stusser litt over dette med å «åpne opp» for eit samtaletema som på mange måtar er premisset her. Det er aldri noko fasitsvar på korleis ein samtale utvikler seg. For min eigen del kjenner eg meg som ei pågåande skravlebøtte den eine dagen og som ein som stort sett lytter den andre. Enkelte folk prater eg med om djupe filosofiske eller eksistensielle og viktige tema, andre prater eg med om film og bøker. Kanskje snakkar vi om barneoppdragelse den dagen eg er frustrert over sur preteen og ein film det var koseleg å sjå saman med same preteen same dag. Men samtalar blir til undervegs og kan utvikle seg i alle retningar.
Eg tenker det handlar om å føle seg litt fram.
Eit eksempel frå mitt liv, frå før eg begynte å bevege meg tilbake i arbeid, er kor slitsomt eg syntes det var med alle som innleda samtaler med «Kva jobbar du med?» Heilt vanleg ice breaker, men frykteleg vanskeleg å mumle «Nei, eg er sånn derre naver på grunn av langvarig sjukdom, men før …. Då hadde eg jobb, då!» som regel svarte eg på ein sånn måte at det ikkje inviterte til oppfølgingsspørsmål. Men det er ein invaderande tulling i alle foreldregrupper som følger opp med: «Åh, kva feiler det deg?» og då står ein der og må seie at ein ikkje gidder snakke om det.
Eg trur ikkje det er vondt meint - men eg trur det er veldig individuelt kva folk opplever som invaderande og ikkje. Og då tenker eg det beste ein kan gjere er å lytte seg litt fram undervegs i samtalen.
Om det er respektlaust eller taktlaust å ta opp vekt, hudfarge, kjønnsidentitet eller diagnoser eller ikkje, kjem an på så mange faktorar. Både relasjon, setting, grad av fortrolighet og humøret til den ein snakkar med. Eg trur ikkje det går an å svare generelt på spørsmålet i HI, fordi alle samtalar er forskjellige. Og om ein skal «åpne opp» for eit tema eller ikkje, vil komme heilt an på samtalen.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|