Sv: Hvem blir ny kunnskapsminister?
Eg har fått svar på kritiske spørsmål i kommentarfeltet til Kamzy. n=1. Men ho har skrive at ho sletter rasistiske kommentaren. Det synes eg er heilt greit. Eg trur bruken av emojis er ei generasjonsgreie. Og sånn sett så kommuniserer nok ho med ein del som ikkje følger så mange andre politikerprofiler.
Eg trur det er kjempeviktig at vi får inn minst ein statsråd som var på Utøya. Av fleire grunner, både med tanke på generasjonsskifte i AP (som er litt for sterkt prega av godt voksne menn), men også fordi dei som overlevde terrorangrepet der har ei erfaring ingen andre norske politikarar har.
Eg meiner ikkje at Kamzy skal inn fordi ho overlevde Utøya. Men eg trur det gir ein viktig tilleggsdimensjon. Men eg meiner først og fremst ho er ein dyktig politiker med masse viktig kompetanse på ungdom, likestilling og integrering.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|