Sv: Regifte gaver med firmalogo?
Eg tenker det kjem an på mykje. Men først og fremst type logo og type gjenstand. Ei hodelykt er ein bruksgjenstand som har praktisk verdi, så der tenker eg mindre på reklamelogo enn om det var snakk om eit klesplagg eller ein pyntegjenstand. Men eg ville nok gitt «meir» dersom eg regifta noko som var med logo på.
Eg har ein flott turkniv i skinnslire med Statoil trykka på knivbladet, som eg fekk til konfirmasjon av perifer slektning som då jobba i Statoil. Eg hugser sjølv at eg blei ekstra glad for den, fordi det var ein bruksgjenstand som hadde mykje høgare verdi i butikk enn kva relasjonen tilsa at vi fekk gaver. Som speider var den midt i blinken for meg. Og eg fekk ein bruksgjenstand eg ønska meg til ein verdi av 1500 frå nokon som elles ville gitt meg ein tohundrelapp. Win-win.
Eg bruker den kniven skamlaust, til tross for at eg er einig i mykje av det Input seier om at Equinor har ein profil eg misliker. Det ville likevel vore mindre bærekraftig å kjøpe ein ny kniv.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|