Sv: Hvilke oppskrifter må man kunne når man flytter hjemmefra?
Eg tenker at spesielle oppskrifter ikkje er så farleg, men det er bra å ha prøvd ein del medan ein bur heime. Ved å ha laga ulike ting med moglegheit for å få hjelp, lære seg å bruke ei oppskrift, og tørre å prøve kjem ein langt. Her i huset lager ungane middag ein dag i veka frå ca 10 års alder. I starten enkelt og med hjelp, etter kvart meir kompliserte saker. Dei får sjølv velge kva vi skal ha til middag den dagen dei lager middag, og dei varierer faktisk ganske bra. Sjølv om dei bestemmer retten for dagen kan vi vaksne godt bestemme at vi td må ha ein salat til middagen, om dei ikkje har tenkt på det sjølv.
__________________
03, 06, 09
|