Sv: Når ens utdanning går en til hodet....
Eg har høgare utdanning. Same gjeld mannen min.
For å vere ærlig; jevnt over trivst eg best med folk som har studert. Der finst mange unntak frå dette, men nå snakkar eg om ein tendens.
Tingen er at universitetet har lært meg å bli så inni hampen ubestemmelig. Skal ei sak diskuterast så skal ein sjå det frå ørten ulike perspektiv, ingenting er svart-kvitt, ingenting er sikkert og alt er ut frå dei kulturelle brillene som eg har på. Ein slags form for ekstrem refleksjon Eg har av og til direkte problem når eg diskuterer med folk som ikkje er blitt utsatt for universitetet. Dei går rett på sak og seier kva dei syns og meiner det heilhjerta. Sånn er det liksom. Eg står igjen, heilt forvirra, og forstår ikkje kor diskusjonen blei av. Eg ender opp med å seie "jammen, du kan jo ikkje berre seie sånn!!" Og dei svarer: "jo, så klart kan eg det!". Dei har andre spelereglar eg ikkje forstår. Og dei forstår ikkje mine spelereglar; dei ser dumt på meg og lurer på kva for eit viss-vass preik eg kjem med.
Eg trives med folk som diskuterer på min måte. Det er ein selskapslek. Folk som ikkje diskuterer sånn blir irritert på måten leken foregår på, eller dei syns ikkje at det er ein hyggelig samværsmåte å diskutere saker og politikk. MEN der er unntak, for all del.
Eg har forøvrig møtt akademikarar som er ekstremt fordomsfulle ovanfor folk utan utdanning. Og når det er sagt; eg har møtt folk utan vidaregåande utdanning som har voldsomme fordommar mot folk med universitetsutdanning. Eg syns faktisk problemet går like mykje den vegen.
|