Sv: Hvor vanlig er det at ungdommer bruker skoleveske?
Skuleelevane her brukar sekk så langt eg har sett. Dealen her er å ikkje ha lik sekk som dei andre. Derfor har ikkje min 02 sekk denne veka, for ho finner ikkje sekk som ingen andre har. Eg har vist henne endelause alternativ, og mange gøye og absurde alternativ, men ho har ein viss idé om korleis den skal sjå ut.
Ingen jubel for mine forslag, liksom. 

Opprinnelig lagt inn av GydaG, her.
Betyr det at vi som finner «Vi i villa» i postkassa bor i villastrøk? 
Da har me også villa. 
På mellomsteget vart jentungen terga med at me var fattige. Da dette gjentok seg nokre gonger, ba eg henne spørje den litt eldre jenta om kva ho meinte med at me var fattige. Imponerande nok spurte jenta vår om dette. Svaret var at me budde i rekkehus og at me ikkje hadde Chihuahua. Det vart ein rimelig grei innfallsport til å snakke om kor rike me faktisk er, i global målestokk, som har råd til både mat og hus og ferie.
__________________
Bergensis
|