Sv: [Valg 2017] Eit vanskeleg valg
Eg syns integreringsministeren er heilt fryktelig - men eg er uenig i at Norge er blitt eit kaldare samfunn. Eg syns ho stikk seg ut som ein sår tommel. Ho representerer ikkje det Norge og dei nordmenn eg kjenner. Eg opplever mitt nærmiljø, mi bygd som rimelig moderate, venleg innstilte, positive til å inkludere, f.eks den nyinnflytta familien frå Syria. Eg er heilt sikker på at dei har hatt negative opplevingar, men etter mitt syn er det ikkje slik at kommentarfelta, hatretorikk og rasisme er blitt standard. Eg opplever nesten det motsatte.
Det betyr ikkje at eg "tar lett på det". Kommentarfelta er blitt meir hatske, der har vore hendelsar der vi ser dette boble opp. Det finst farlige miljø som må overvakast, og kvar av oss har ansvar for å bekjempe intoleranse og hat. Sjølvsagt hender det at eg møter på det i kvardagen. Da gir eg beskjed. Etter 22. juli sverga eg på å aldri la grums stå uimotsagt.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|