Sv: Selskapsleker for store barn (12- 13 år)?
Opprinnelig lagt inn av Veslemøya, her.
Hvilken lek er det?
Eg kjøpte spelet på Søstrene Grene, kort med ulike beskjedar på, men ein kan også spele med terningar, der kvar sum representerar ein beskjed.
Eg kjøpte inn 4-5 småting til kvar av gjestene; sjokolade, tyggis, kortstokkar, klistremerke, gratisprøver frå parfymeri og anna småtteri, og pakka inn. Ein ting i kvar pakke. Varier storleiken på pakkane; bruk tomme øskjer du har liggande, putt småtteriet i ein brødpose, blås den halvvegs opp og knyt igjen før du pakkar inn o.l. Det går alternativt an å gje beskjed om at alle skal ta med seg 2-3 pakkar kvar, max verdi 10 kr pr stk, som skal brukast i leiken.
Legg alle pakkane i ein haug på bordet/golvet, la alle velge seg ein pakke kvar og fortsett til alle har fått like mange pakkar. Dersom antalet ikkje går opp, la resten av pakkane vere igjen i "boet". Så skal ein trekke kort eller slå terning. Beskjedar kan t.d. vere; Gje alle pakkane dine til personen til venstre. Bytt plass med personen to seter til høgre for deg, men pakkane skal ligge igjen. Velg ein pakke frå den du vil. Gje ein av dine pakkar til valfri person. Ta ein av pakkane frå boet og gje den til personen til høgre for deg. Osv.
Ein kan bestemme på førehand kortid ein skal avslutte leiken, t.d. etter 30 minutt, eller når alle har trekt kort/trilla terning 4 gongar e.l. Når leiken er over får alle opne pakkane dei har liggande hjå seg.
|