Sv: Halv/helfabrikata
Eg skal ikkje forsøke å forsvare vårt forbruk av heil/halvfabrikata, for eg skulle ønske me var flinkare til å lage ting frå grunn av. Men eg lurer på ein ting: dersom alt/det meste skal lagast frå grunnen, må ein ikkje da ha eit relativt stort kjøkken med stor lagringskapasitet både i kjøleskap og skap?
Eg lagde kalkungryte frå bunnen av, og enda opp med to nye ingrediensar som eg aldri har hatt bruk for før, og som eg aldri har hatt bruk for etterpå. Dei står no i kjøleskapet, og med unnatak av om me lagar den same kalkungryta ein gong til, vil dei bli ståande til dei går ut på dato.
Dessutan må vel all mat ein lagar heilt frå grunnen av generere ein heil del meir oppvask og rot
Men som sagt; eg har lyst til og planar om å bli flinkare til å lage ordentelig mat.
__________________
Bergensis
|