Sv: Hva gleder du deg til i 2017?
Eg klarer ikkje heilt å sjå kva eg gledar meg til. Rett nok har me ein 40-årsdag, ein 50-årsdag, ein 70-årsdag og ein 75-årsdag me skal feire i nærmaste familie. Og ein konfirmasjon. Eg veit eg er programforplikta til å glede meg til sånt, men det ligger ikkje heilt for meg.
Ikkje har me planlagt ferie, korkje sommarferie eller storbyferie, heller.
Men eg ser alltid fram til sommarhalvåret. Håpar det gir meg mange høve til å gå fine turar. Sommarhalvåret i år regna bort. Og eg vågar endelig å håpe på at 2017 skal vere eit friskare år.
__________________
Bergensis
|