Sv: Blogg, men hvor?
Opprinnelig lagt inn av star, her.

Hva blir forskjellen? Trenger jeg begge?
Ikkje i første omgang. Veldig mange bloggar lever fint på Wordpress- eller Blogspot- platform. Då vil du få ei nettadresse som ser slik ut: http://[bloggtittel].wordpress.com eller http://[bloggtittel].blogspot.com
På gratisversjonane til wordpress og blogspot får du valet mellom ferdige malar du kan bruke. Her vil du få reklame på bloggen. Denne går det (i alle fall i wordpress) an å betale for å slippe.
Dersom du ønsker ei adresse som ikkje går innom wordpress eller blogspot, men for eksempel bare http://[bloggtittel].com, treng du webhotell. Eg tenker at det som er lurt er å begynne med ein gratisversjon og heller flytte over på eige domene dersom du ser at du ønsker det etter kvart. Og då er wordpress å anbefale.
Sjølv har eg erfaring med både wordpress og blogspot og eg anbefaler utan tvil wordpress. Det er nokre år sidan eg har jobba i blogspot, men det var mange irritasjonsmoment som eg slapp då eg flytta til wordpress. Fordelen med blogspot er at det er enklare oppsett og fleire faste maler å velje mellom. Samtidig er det lite smidig og lite fleksibelt. Det er litt meir arbeid med wordpress. Ein har faste maler ein kan bruke der og, men mykje av det layoutmessige er meir fleksibelt. Og dermed og litt meir pirkete dersom ein helst vil ha ei enkel løysing. Det kan kanskje vere lettare å komme med råd viss du fortel litt meir om kva du tenker rundt blogging og kva slags blogg du vil ha. Sjølv tenker eg at det er greit å anbefale blogspot til dei som har lyst på ein rein tekstbasert blogg kor det er lite å tenke på utover å skrive, men wordpress til dei som ønsker å jobbe litt meir med individuell layout og liknande.
Eg liker best wordpress, med forbehold om at eg ikkje kjenner til mindre tilbydarar som blogg.no og liknade.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|