Sv: Er det i det hele tatt mulig å gå inn et par Dr Martens?
Eg klarte det aldri! Eg kjøpte Dr Martens da eg var student og dei var aaaaltfor dyre, men akk så kule at eg berre var nødt til å ha dei. Forsøkte alle triks i boka; lide seg gjennom eit par veker med gnagsår (merk at dette var før Compeed), bløyte dei innvendig og forsøke å gå dei inn våte, våte sokkar, legge i varme posar med ris.
Ingenting fungerte. Rett nok har eg vanskelige føtter, og får veldig lett gnagsår. Det er merkverdig at om ein jobbar masse med hendene så får ein trebolar og hard hud. Bakpå hælane er huden like babymjuk uansett kor mange gnagsår eg har hatt opp gjennom åra.
__________________
Bergensis
|