Sv: Bør russefeiringen i dagens form avskaffes?
Vi har akkurat avslutta ei russetid her i huset, og her i området er det heldigvis langt frå dei tilstandar vi høyrer om frå Oslo-området, og delvis Bergen. Her er det Caravelle-liknande bilar som gjeld og i Eldste si klasse gjorde jentene det enkelt. Dei fordelte seg på to bilar, som holdt akkurat, og begge bilane køyrde saman til og frå treff, så dei gjekk litt på kryss og tvers alt etter kva som passa. Bilen Eldste var på kosta kr 38 000, fordelt på 8 stk, dei hadde hettejakker med logo på, sponsa av ei mor med klesbutikk. Dei har jobba mykje dugnad og enda opp med å ha pengar nok til å dekke billettar til alle i eit par russetreff i tillegg. No er bilen lagt ut for sal til same pris som dei betalte.
Russetida starta 30.april med russedåp, og deretter har det vore treff rundt om i fylket i helgane, og eit par kveldar med "rulling" ellers. Dei var til landstreff i Kongeparken, der køyrde dei med privatbilar og budde i hytter. Det har vore fest og moro, men uskuldig moro. Det er fast opplegg at 10.-klasse på ungdomsskulen (nærmaste nabo til den vidaregåande skulen) møter russen til vannkrig ein avtalt dag i russetida. Då får stort sett alle spruta frå seg det dei orkar. Ellers er det russeknutar a'la stjele pult i eit anna klasserom midt i ein time, danse poledance (fullt påkledd) til ein lyktestolpe, ta vaksine mot hjernehinnebetennelse, kysse politimann/dame o.l. Dei var slitne 17.mai, hadde hatt ei super feiring og var eigentleg heilt fornøgde med at det var overstått. Og i dag var det to viktige prøver som stod på tapetet, så det var berre å kome seg tilbake i salen igjen. Eldste hadde også ei heildagsprøve midt inne i russetida, noko som var heilt ok.
Feiringa Eldste har hatt liknar mistenkeleg på den vi hadde (bortsett frå at vi hadde mykje meir i vekene, som medførte ein del døgn utan søvn), så eg tykkjer eigentleg at den form for feiring er heilt greitt, med unntak av at eg gjerne såg at dei var ferdig med alle eksamenar før dei starta feiringa. Galskapen med millionbeløp, bussar, betalte songar og det heile, ynskjer eg ikkje forsvare i det heile tatt. Det er berre fælt.
|