Sv: Hvorfor er det så mange som ikke liker tuja?
Eg misliker Tuja fordi den har ei lukt som minner meg om ein plass eg ikkje liker å bli minna om og det er hovudgrunnen til at eg irriterer meg over at naboen har planta tuja på tomtegrensa.
I tillegg er det dette som meisje nemner om importerte planter versus planter som lever naturleg i Norge. Vi bur i eit nabolag med enormt med tujahekker, som gjer at det ser veldig einsformig ut. Eg liker ikkje hekk av bar-tre i det heile tatt, bare så det er sagt og kjem ikkje til å plante det sjølv.
Vi reiv og barlind-hekk då vi flytta inn her. Vi vil ikkje ha giftige buskar i hagen. Og denne med giftige bær er særleg skummel, fordi bæra ser så fristande ut. Buksbom undersøkte vi då vi planta hekk, men den vil neppe overleve vinteren her, så vi landa på agnbøk, som veks seg ganske tett og som beholder bladene (brune) gjennom vinteren, og dermed skjermer for innsyn, sjølv om han ikkje er heilårsgrønn.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|