Sv: Spleiselag på gaver
Opprinnelig lagt inn av Myria, her.
Jeg tenker at det ikke handler om at du skal bruke mer penger på moren din, men at mannen din bruker av sine penger siden han også har lyst til å gi noe til henne og dermed blir summen større. Du kan jo også snu på det og si at hvorfor skal din søster bruke en større andel av sin inntekt på gave, mens dere med to inntekter bruker en mindre andel, bare fordi hun er single?
Dette blir jo litt ved sida av HI, men vi har snakka ein del om den omvente problemstillinga i søskenflokken. Vi har snakka ein del om dette rundt familiar eller single og gåver. Vi skal tilsaman få seks bursdags- og julegåver og har to inntekter, medan mi single studentsøster skal få to bursdags- og julegåver og har betydeleg strammare økonomi enn oss. Og dette vil jo bare blir verre dersom det kjem fleire ungar rundtomkring. Vi har løyst dette ved å seie at vi voksne ikkje treng nokon stor gåve og blitt einige om at vi legg innsatsen til ungane. Så der Singel 19-åring får ei jakke til 500 kroner, får Gift 30-åring og Mann ei helsing for ein hundrelapp kvar, medan barnet deira får ein gåve til rundt 300 kroner. Då gir vi med andre ord ca. 500 kroner til kvart søsken, men ho som har familie får den same summen delt i tre, medan ho som er aleine får heile beløpet. For meg blir dette riktig. Og i spleisesamanheng blir det omvent.
Men dette er jo noko vi som er flest (altså mann og barn) har tatt opp, fordi vi tenker at Singel 19-åring skal sleppe å bruke heile studielånet sitt på å kjøpe gåver til to familiar.
Eg ser jo at eg har ei etter evne/behov-tenkning her, eg og mannen finrekner heller ikkje på kven som betaler gåver, men tenker at det er naturleg at slikt går frå fellespotten.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|