Sv: Jojo Moyes: Me Before You / Et helt halvt år
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Ja, det er lov å seie. 
Eg er og veldig glad i Per Petterson, Carl-Frode Tiller (akkurat ferdig med Innsirkling 3, og wow!) og Knausgård. Roy Jacbsen og Lars Saabye-Christensen har eg aldri fått taket på.
Men så skjer det mykje spennande blant mindre etablerte norske forfattarar. Ruth Lillegraven er i ferd med å finne si nisje med episke dikt, romanar i diktform, som eg veldig sterke. Benedicte Meyer Kronenberg har gitt ut tre sterke bøker og skildrer vanskelege relasjonar på ein unik måte. Simon Stranger våger å løfte fram store eksistensielle og politiske spørsmål i både ungdoms- og voksenlitteraturen. Og dei siste åra har det vore fleire debutantar som bryt med den litt innadvendte tendensen som norsk samtidslitteratur er kjend for.
Og ta ein forfattar som Helga Flatland. Den første boka hennar blei omtrent ikkje lagt merke til i tradisjonelle medier. Det var først då lesarar begynte å snakke om denne anonyme boka i sosiale medier, at andre og tredje bok i trilogien blei ordentleg marknadsført.
Men det er ingen som framhever desse. Bloggaren Bokelskerinnen skreiv ein kronikk i Dagbladet i fjor, då ein debutant fekk terningkast 6 i VG, utan at dette blei nemnd av forlaget på Facebook eller Twitter. Det verkar som forlaga og dei store kjedane på førehånd har bestemd kva bøker dei skal satse på. Og det er veldig synd, for det er mange sterke forfattarskap som ikkje er synlege i det heile tatt. Eg trur bokbransjen undergraver seg sjølv, ved å satse så tungt på så få titlar. [/rant]
Åh, her har vi en spinnåff! Følg med for norsk litteraturtråd - de glemte perlers mulighet til å skinne!
__________________
I myself have never been able to find out precisely what feminism is: I only know that people call me a feminist whenever I express sentiments that differentiate me from a doormat or a prostitute. Rebecca West
|