Sv: Ikke råd til klassetur - så utrolig modig å si ifra!
Dugnadsarbeid for å samle inn 1000 kr per elev syns eg må vere greit, men 8000 er altfor mykje. Det krev ganske mange timar med dugnad.
Og når det er snakk om 1000 kr syns eg det må vere lov å kreve eigenandel frå dei som absolutt ikkje har bidratt i det heile tatt dersom det har vore fleire muligheiter til å bidra. Sånn fungerer det i borettslaget vårt (og ja, eg veit at det er snakk om voksne mennesker og ikkje barn). Dei som ikkje møter opp på dugnad betaler dugnadspengar i staden for. Så kan ein velge om ein vil stille opp eller betale. Selvfølgelig er det mange som har gode grunnar til å ikkje bidra, men det er jammen mange som rett og slett ikkje gidd også. Dugnadsånda er i ferd med å forsvinne heilt frå den norske befolkninga. Dersom det å ikkje møte opp ikkje får økonomiske konsekvensar er det veldig mange som droppar det.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|