Sv: Nokon som kan litt om diverse diettar?
Åh, tusen takk Desembermamma og Iset! Masse nyttig info! (har forresten rota litt rundt inne på det der lav-karbo forumet, der var det masse fint å hente)
Når det gjeld ketose blei eg litt forvirra. Dette får jo vår jente dersom ho ikkje får insulin, og ho var syreforgifta (ketose) når ho fekk påvist diabetes (heilt normalt det altså, når diabetes blir påvist første gong). Kroppen hadde begynt å tære på fettet sidan næringa ikkje kom inn i cellene, og ho blei vanvittig tynn på berre nokre dagar. Dersom ho ikkje får medisin vil å utvikle ketose ganske raskt. Eg ante ikkje at ein kunne få det ved å ete lite karbohydrat; men når eg tenker meg om så gir det jo meining. Ein får samme effekten, men på ein annan måte...
Uhm.. nå skal eg slutte å røre her, men berre legge til at eg og mannen har ete lav-karbo sidan torsdag og er strålande fornøgd! Og når ein i tillegg har lov å bruke feite dressingar; ke' e' probleme'?? Eg har faktisk litt vondt for å tru at ein kan gå ned i vekt med dette her?? Vi føler oss friske og fine, og for å seie det rett ut; med mindre luft i systemet enn før. Blir ein ikkje ganske gassete av brød??
Det var også ein fryd å smøre matpakkar i går kveld. Minsten på 2 får sitt vanlige brød; han er ikkje spesielt interessert i salat og pålegg som ikkje er smørbart. Jenta med diabetes og cøliaki fekk middagsrester (som rett nok hadde cøliakipasta), snurrer av skinke, ost og agurk, ei stor tomat og ein yogurt utan tilsatt sukker og med glutenfri havregryn. Samt eit eple. Ingen diettmat med andre ord; her er jo karbohydrat, men mindre enn i brødskiver. Mannen fekk salat med frø og nøtter, skinke, ost, tomat, alfaspirer og creme fraiche dressing , og eg skal forsyne meg i salatbaren i lunsjen. Oppdaga i forrige veke at salat held ein mett heilt til middag jo! Kjøleskapet heime bugnar av kjøttpålegg, makrell, laks, egg, salat, grønsaker og
deilig dressing. Vi er storfornøgde!
Når det er sagt, når det gjeld jentungen ventar vi på svar frå ernæringsfysiologen.
OG ein kommentar til dette å gi ungane boller og brus og slikt. Eg er heilt enig når det gjeld det generelle; å få eit barn med diabetes er ein vekkar; ein tenker meir over kva ei flaske cola gjer med systemet hos eit friskt menneske. Kroppen får jo sjokk, må produsere vanvittige mengder insulin for å takle sukkermengden. Eg ser for meg at dette må slite på kroppen over tid. Vi har forresten latt henne ete kake og snop i selskap, utan spesielle restriksjonar (bortsett frå at det må vere glutenfritt så klart). Har justert med insulin etterpå; det er veldig lett med pumpe. Vi prøver å finne ein gylden middelvei. Vi vil gjerne at ho skal leve så normalt som mulig. Sunt, men ho skal også få oppleve gleden ved å kunne sette til livs to store stykke sjokoladekake. Mulig de er uenige, men det er ein del av det å være barn syns eg (og å vere voksen også ) For 30 år tilbake regulerte ein barns diabetes i større grad via kosten. Dei VEIDE maten :skrekk: Det førte til ein del spiseforstyrrelsar / opprør i tenåra for ein del av barna (meir enn hos friske tenåringar). Vi prøver derfor å eit fornuftig MEN avslappa forhold til det, slik at ein unngår problem seinare.
|