Sv: Er majones usunt?
Opprinnelig lagt inn av Polyanna, her.
På meg virker det som om du setter "kalorikt" som synonymt med "usunt" noe jeg syns er helt tullete.
I utgangspunktet er det jo tullete, ja, men dette er vanskeleg og komplisert i eit langtidsperspektiv. Særskilt i høve ungdom som begynner å skulle ha kontroll på dei fleste av sine måltid sjølve og som ein ikkje lenger kan styre aktivitetsnivået til i samme grad som før. Det er vanskeleg å venne ein 16-åring av med å "tapetsere" brødskiva (som kanskje då har blitt 4-6 brødskiver pr. måltid) med smør, salami og majones (for å sette det litt på spissen) utan å snakke kaloriar.
Eg følte meg i alle fall grundig lurt då eg "oppdaga" kaloriar i 16-årsalderen og innsåg at det kanskje ikkje var så lurt å erstatte ein kroneis med ein pose mandlar fordi dei var sunne.
|