Sv: Juleribbe
Nyttig tråd for ein hjelpelaus vestlending. Vi skal prøve oss på svineribbe 2. juledag i år. Skal serverast til 10 personar som aldri har hatt det i jula, men sjølvsagt smakt det på diverse julebord og julelunsjar.
Da trur eg at eg prøver meg på rosenkål med valnøtter og honning (dog interessert i balsamico-versjonen til Konsulenten), dampa gulrøtter og raudkål frå.. uhm.. pose - er det lov? Kokte poteter rett og slett, fordi det likar dei gamle i familien best. Tytebærsyltetøy likar alle. Pølser og medisterkaker utgår på strak arm... Er det veldig viktig? Medisterkaker syns eg beint fram er litt ekle Er i tvil om saus. Har ein cøliaker til bords, og syns det har vore vanskeleg å brune glutenfritt mjøl dei gongene eg har prøvd. Kan sjølvsagt velge posesaus da.
Tenkte å langtidssteike ribba.
Dette blir jo den mest kompliserte julemiddagen! Pinnakjøt er jo så himla lett å lage, og 1. dag skal vi ha dampa laks med rømme og sure agurkar.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|