Sv: Hva prioriterer man bort ved dårlig råd?
Eg trur utgangspunktet har veldig mykje å seie for kva "halvert inntekt" vil bety. For ein del som allereie slit med å få ting til å gå rundt og allereie prioriterer hardt, vil halvert inntekt vere eit stort problem. For ein del vil halvert inntekt bety å skjære til beinet. Og for ein del vil halvert inntekt bety å fortsette å leve som før, men utan alle restaurantbesøka og magasinene. Men eg skjønner at, litt avhengig av utgangspunkt, det å seie at halvert inntekt betyr at eg halverer antal restaurant- og frisørbesøk kan framstå som Marie Antoinette for dei der halvert inntekt vil bety hus på tvangsauksjon.
Men dette var vel ein tråd om prioriteringar?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|