Sv: Bergensskolen strammer inn permisjonsreglene
Spørsmålet om korleis ein skal sjå på skulen er jo veldig relevant Katta.
Eg er kanskje gammaldags, men eg meiner at det er viktig å lære å lese, skrive og rekne. Eg meiner og at det er viktig å lære at ein har andre forpliktelsar utanfor seg sjølv og sine nærmaste, slik at ein er i stand til å ta ansvar for andre, fungere i eit fellesskap som for eksempel jobb.
Eg ser poenget med at skulen ikkje passer til ein del familiar. Men eg trur ikkje løysinga er å lære ungane at dei kan gjere kva dei vil og ikkje bry seg om reglar og fellesskap, likevel. Ei omorganisering av skuleåret kunne eg vore positiv til, eg kunne og vore positiv til fleire undervisningsveker og kortare feriar. Men eg er veldig skeptisk til denne haldninga om at individuell friheit er det aller viktigaste, som blir kommunisert når ein går ut og kritiserer skulen for å vere rigid på denne måten.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|