Sv: Høyre og Frp vil sette sosialklienter til snømåking
Eg kjenner eg blir litt oppgitt av heile debatten, eg, altså. Eg las som Saint statistikken som Pøbelsara lenka til tidlegare til at 30% av dei 115.000 sosialstønadmottakarane er arbeidsføre og friske. Men eg er jo bare filolog, så eg kan sikkert ikkje lese statistikk. Eg skjønner verkeleg ikkje at det er så vanskeleg å foreslå endringar for denne gruppa. Vixen sitt innlegg om forebygging er kjempegodt og viktig! Men det å seie at det er ei relativt stor gruppe arbeidsføre folk som lever på velferdssystemet, som kunne hatt godt av å bli stilt meir krav til, er då verkeleg verken populistisk eller valkamputspel. At saken i HI er tabloid er eg einig i, men problemstillinga er like fullt heilt reell.
Rusmisbrukarar med så store skader at dei ikkje fungerer i samfunnet, bør få eit tilrettelagt tilbod. Sjuke bør få eit tilrettelagt tilbod (og dette med at for mange sosialklientar er for sjuke til å jobbe, er ikkje det i seg sjølv eit signal om systemsvikt, skulle ikkje dei vore innanfor ei eller anna AAP-/ufør-ordning, viss systemet var så optimalt som folk her vil ha det til?). Men kva med resten?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|