Sv: Kvinner og deltid og LO
Nja.....Eg er ikkje heilt einig i at absolutt alle skal jobbe 100%.
Eg meiner at det viktigaste er at alle som kan jobbe skal jobbe nok til å forsørge seg sjølv, uten hjelp frå staten. Om nokon, uavhengig av kjønn, velger å jobbe litt mindre og ha meir fritid syns eg det er heilt greit sålenge dei har nok pengar til å forsørge seg. Vi lever berre ein gang!
Det må vere lov til å prioritere å nyte livet og heller ha litt lavare levestandard utan at ein skal bli sett ned på av dei som jobbar 100%.
Men dersom eit slikt valg innebærer at mannen må jobbe tilsvarande meir for at økonomien skal gå rundt eller for å kunne opprettholde levestandarden blir det noko anna.
Ein tapar sjølvsagt pensjonspoeng og alt det der, men den dagen ein blir pensjonist er ein også som regel gjeldfri samt at ungane har blitt voksne og forsørger seg sjølv.
Pensjonstap kan også kompenserast ved at mannen bruker litt av si inntekt til pensjonssparing for kvinna.
Men når det er sagt meiner eg at ingen kvinner bør gjere seg sjølv avhengig av ein mann økonomisk. Ein har ingen garantiar for at forholdet vil vare til pensjonsalderen.
Eg må innrømme at eg gjerne kunne tenkt meg at både eg og mannen gjekk ned i 80% stilling nokre år for å få litt meir fritid og pusterom. Men samtidig er eg ikkje villig til å droppe utenlandsferiar eller gå ned i levestandard, så då blir det ikkje noko av. Dessuten er jobben min slik at reduksjon av stilling eigentlig berre ville ført til 80% lønn og 100% jobb.
Men om vi no hadde valgt å gjere det syns eg ikkje at LO eller andre skal legge seg opp i det sålenge vi klarar det uten å måtte motta pengar frå NAV.
Eg vil faktisk driste meg til å seie at deltid kanskje kan spare staten for pengar i mange tilfeller ved at ein unngår at kvinner blir sjukemeldt eller uføretrygda.
I sjukemeldingsdebattar her på forumet har det blitt sagt mange gangar at folk som ofte blir langtidssjukemeldt kanskje bør innsjå at dei ikkje bør jobbe 100% og heller gå ned i stilling i staden for å belaste NAV og arbeidsgiver med stadige sjukemeldingar.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|