Sv: Er NAV virkelig så ille?
Med fare for å bli anekdotisk og lite generell, synest eg, med min bakgrunn frå humanistiske fag at eg kjenner relativt mange med ein eller annan kunstnar- og eller bohemdraum som kan finne på å svare "Nei, eg har ikkje pengar akkurat nå, for eg sa opp jobben min for å skrive/male/musisere/bli profesjonell bohem på heiltid, og eg får ikkje arbeidsledigheitspengar før om to månadar". Dette er gjerne single folk mellom 25-30 år, som har høg utdanning innan litteratur-, kunst- eller musikkfag.
Eg veit ikkje kor stor gruppe desse utgjer på statistikken, men eg veit at det er relativt sosialt akseptert blant folk født på 80-talet å motta dagpengar medan ein forsøker å realisere ein forfattardraum. Eg meiner det er noko gale, når vi har eit system som gjer dette mogleg.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|