Sv: Apropos årlege sydenturar: Overforbrukersamfunnet
Sjølv om syden ikkje er eit geografisk område, er det eit så etablert begrep at dei aller fleste forstår kva det betyr. Det er sjølvsagt meir presist å seie "Middelhavslanda, Kanariøyene, Egypt, Tyrkia, Kroatia, Bulgaria eller andre land kor folk ofte reiser på charterferie", men eg synest det er langt enklare å omtale slike charterturar til desse områda som "sydenturar", sidan det er eit folkeleg uttrykk som betyr det same.
Ein kan heilt sikkert oppleve mykje meir i Syden, eg forsøker bare å spørre om korfor det er så viktig å reise så langt med fly for å ha desse opplevingane? Dersom målet er opplevings- og aktivitetsferie, er det utruleg mykje ein kan gjere i Skandinavia, som er tilgjengeleg med tog.
Eg undrer meg over at eit forum som kan bruke 12 sider på å diskutere kapselkaffe, relativt unisont bagatelliserer miljøproblematikken knytta til feriereiser. Ein flytur i året frå eller til er ikkje så mykje, men ein flytur i året frå eller til pr. nordmann, er ganske mykje.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|