Sv: Grønn hverdag: Kaffekapslene er et miljøproblem
Økonomiargumentet heng ikkje heilt på greip, Meissa. Vi har for eksempel kjøpt alt det vi har kjøpt inn sjølv, til Ungen, brukt på finn, arva av venner eller kjøpt av venner. Dette med unntak av ulltøy i små storleikar, for det har vi trengt meir av enn vi har fått tak i brukt. Dette har eg ikkje primært gjort for å spare pengar, men fordi eg tenker at ting som vippestol, sprinkelseng, stellebord og babyklede er ting ein ikkje rekk å slite ut, den korte bruksperioden ein har det. Miljøargumentet er tyngst, når eg leiter etter ting eg har tenkt å kjøpe i bruktbutikkar og på finn. Det at eg sparer penger på det, ser eg på som ein bonus. Men det å gjenbruke istadenfor å kjøpe nytt, er faktisk både meir økonomisk og meir miljøvennleg. Så det å seie at ein ikkje har økonomi til å tenke på miljø, synest eg høyrest frykteleg rart ut.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|