Sv: Downton Abbey julespesial?
Eg stussa og på at Thomas var med vidare, eg trudde og han hadde fått sparken og at diskusjonen gjekk på om han skulle få attest eller ikkje. Men var det ikkje noko med at han fekk bli fordi Grantham ville ha han med i det ballspelet på slutten av forrige episode?
Eg må elles seie at eg syntest den julespesialen var litt sånn forsøk på å strekke strikken litt lenger utan innhald, både med flirten til Patmore, doktoren og mrs. Crawley og ho nye, ikkje tidlegare introduserte tenestejenta som prøvde seg på Tom . Det var litt for mange slike nye affærer som blei avslutta i same episode. Så det såg nesten ut som om julespesialen ikkje var planlagt før etter at sesong tre var ferdigskriven. Eg fekk litt slk - Åh, jo forresten -kjensle av heile greia.
Eg trur eg sett ein tiar på at neste sesong sine intriger kjem til å dreie seg om Tom Branson og Rose? Eller kjem Rose til å legge sin elsk på Jimmy? Det begynner i det heile tatt å bli litt i overkant forutsigbart, merker eg. Men eg kjem nok til å sjå sesong fire, likevel.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|