Sv: Vil ha overgrepsanklaget ordfører tilbake
Eg har eit juridisk spørsmål. Ordføraren er tiltat for seksuell omgang med jenta. Det er jo heva over ein kvar tvil at han har misbrukt tillit og begått overgrep, verbalt, både gjennom sms og skype. Han har oppført seg forkasteleg og tråkka over grenser. Men så lenge tiltalen er for seksuell omgang, er det ikkje då dette som må bevisast, for at han skal kunne dømmast? Eller kan han dømmast for overgrep i form av griseprat og slikt, utan at det blir bevist at det har vore faktisk seksuell omgang? Korleis definerest dette og kor går grensa for kva ein er tiltalt for og relaterte handlingar som og er straffbare, men som ikkje er ein del av tiltalen?
|