Sv: Å få mat i ein 3-åring
Linda: ho brukar pumpe og får ikkje langtidsinsulin vi gir alltid insulin etter at ho har ete, og har justert basaldosen veldig langt ned. Muligens må vi enda lengre ned; har fått høyre frå sjukehuset at i praksis skal ho kunne gå utan mat ein heil dag utan å få føling.
Vel vel, i dag til middag åt ho pommes frites, og vi fekk henne til å ta ein liten kjøttbit.. Ho sovna på armen min her før kvelden, vi målte henne og ho var i 3,1. Rista henne litt våken og fekk i henne yogurt med havregryn i.
Smoothie har vi enda ikkje prøvd; men er ikkje det masse sukker (frå frukt)i då? Nokon som har gode oppskrifter på smoothie?
Kva gjer de andre mødre for å få vriompeisar til å ete maten sin?
|