Sv: Elever mener nye skoleregler virker uutholdelige
Eg er veldig einig med Katta angåande sexpress, og eg trur at dette med reglar for å kle seg anstendig kan vere litt befriande for mange som opplever press. Mange jenter etterlyser skuleuniform, fordi dei ikkje sjølv er komfortable med å vise fram like mykje kropp som Alle Andre, men heller ikkje vil skilje seg ut. Då kan det å ha reglar, vere litt godt å lene seg på for dei som ikkje ønsker å gå rundt halvnakne.
Eg reager og på at det er så sterke reaksjoner på å ha regler. Holdninger er viktig, men litt konsekvenser mot å komme for seint og liknande trur eg er viktig. Det forstyrrer, og dei har godt av å lære å komme på tida.
Musikk er eg litt sånn så der til å ha nulltoleranse til. Eg bruker sjølv musikk når eg jobber på arbeidsom med fleire andre, for å lukke ute irriterande snufselydar og liknande frå kollegaer. Eg pleier bruke det litt som belønning, når dei spør om å høyre musikk. Så lenge det er god arbeidsro, er det greit at dei har på musikk, men i det det blir mykje fikling med telefonar eller dei driv med andre ting, er det bort med alle øyrepropper. Så akkurat det synest eg kanskje burde vere opp til den einskilde lærar å vurdere. Men det er kanskje ein slik ting som fører til mykje masing, viss ein seier nei?
|