Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Fritid og hobby > Gremlis reise- og fremmedspråkforum

Dubai!

Gremlis reise- og fremmedspråkforum Forum for diskusjon av reiser, reisemål, og fremmedspråk.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 06-07-12, 00:13   #6
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.759
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Dubai!

Vi budde i Jumeirah Beach-området, det er ein strandpromenade med strand på eine sida og hotell og restaurantar på andre sida. Taxi inn til kjøpesentra og bysentrum koster nesten ingenting, i tillegg er det eit metrosystem som stopper like i nærleiken. Eg syntest det at deilig å først å framst bu ved stranda og reise inn til byen, men det er jo ein smakssak. Det var såpass godt restaurant-tilbod i strandområdet, at det kjendest ikkje usentralt, sjølv om det ikkje var i bysentrumet. Og det såg ut som om lokalbefolkninga dro dit forå gå ut og spise og flashe dei dyre bilane sine. Alternativet er å bu i byen og reise til stranda. Det har eg ikkje prøvd.

Emiratene er jo prega av streng muslimsk kultur, så det er lurt å sette seg inn i normene der. Det var for eksempel lite alkoholservering på restauranter utanom på hotella, og det var ikkje noko særleg uteliv. Det gjer det jo til eit barnevennlig reisemål, men det er dumt å rave rundt i gatene som nordmenn på sydenferie. Eg leste og skrekkhistorier om briter som var arresterte på flyplassen for å ha med eit rundtstykke med valmuefrø på, inn i landet. Så det lønner seg å sette seg inn i reglar før avreise.

Vi var på ørkensafari (veldig turistifisert, men moro likevel), oppi Burj Kalifa og på omvisning i ein stor moské, som var organisert. Elles var det mykje strand og mykje storby. Handelssentra var imponerande, og det var moro å sjå alle dei sære tinga dei bygde, som innandørs skianlegg og det enorme akvariet, begge deler inne på kvar sitt handelssenter.

Vi hadde ein veldig fin ferie. Det var fascinerande å sjå ein kultur som var så tydeleg muslimsk og samtidig så gjennomsyra av overflod.

nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 12:25.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no