Sv: Smarte huskeregler man faktisk har bruk for?
Har nokon nevnt korleis ein finn ut kor mange dagar det er i kvar månad ved å telle på knokane? (dette er ikkje det samme som dei som finn ut kva dato den og den dagen er på). Altså.
Ein knytter ein neve, og tel januar på bakerste knoke, februar i mellomrommet, mars, på neste knoke, etc. Ved juli er ein på toppen av siste knoke, og startar så bak igjen på første knoken med august.
Tingen er da at månader oppå knokar har 31 dagar, medan månader nedi mellomromma har 30 dagar. Ikkje så fryktelig ofte ein treng dette da, men det har hendt! 
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|