Sv: Redebygging: Kva _treng_ ein til første barn?
Opprinnelig lagt inn av Vito, her.
Alle babysepene, kremer og hva har du ble bare stående her i huset. Vi brukte kun olje de første årene til både vask og å smøre med.
Viss du ikkje er redd for litt reklame så kan du bestille "babypakke" frå Libero og apoteka (trur det er to apotekpakkar, men det veit sikkert andre forum du evt heng på). Ulempa er reklamen, mest i epost, fordelen er vareprøvane.
Og fordelen med vareprøvar er at du ikkje treng kjøpe større forpakningar fordi det er "kjekt å ha". Vi har masse libero-dill igjen (har enno ikkje brukt såpe), og kjøpte den første flaska med shampo forrige veke - etter å ha brukt 3-4 miniflasker med Dr. Greve-shampo. Ungen er altså drøye to år.
Det einaste vi kjøpte av sånt før denne shampoflaska var badeolje, ein babykrem som vart brukt overalt (fra Lykkelig som liten) og Inotyol (supereffektiv salve mot utslett). Og ei tube med sinksalve som skilte seg før den vart brukt opp. (Med tøybleier vil du bruke minst mogleg med sink uansett, det tetter bleiene.)
Opprinnelig lagt inn av Vito, her.
Ammeinnleggene fikk jeg heller aldri brukt da jeg ikke lakk. Men de i ull var gode å ha som ekstra varme på brystene ja, brystbetennelse vil du ikke ha.
Ullinnlegg anbefalast på det varmaste i oktober, ja. Kjøp dei største du får tak i, spesielt når du har store bryst. Si fra om du ikkje finn større amme-bhar så skal eg sjekke kor eg har kjøpt dei digre eg har hen - dei er for store, nemleg, og eg bruker for tida 85I frå Change (passe i cupen, passe rundt med ein forlenger frå Kappahl). Boob ammeklær har ei åpningsløysing eg liker for store bryst, HM si er håplaus (for å ta to ikkje veldig tilfeldige døme).
|