Sv: Kan man lande på en flyplass uten sikkerhetskontroll?
Du får ikkje tilgang til den delen av flyplassen som er for dei som har vore gjennom sikkerheitskontrollen, men landing og å kome seg inn på flyplassen og ut til ankomsthallen og bagasjen går bra. Avhengig av kor stor flyplassen er så kan det vere ekstra vakter og sånt, men mange stader er det alt tilrettelagt for det med eigne isolerte gater som også kan brukast til utanlandstrafikk utanom EU/EØS/USA/etc (der "gjeld" ikkje sikkerheitskontrollen ved transit uansett), dersom det er behov for ekstra sikkerheit osv.
Forøvrig landar private småfly (flyklubbar osv) på vanlege kommersielle flyplassar, og kan då ha passasjerar som ikkje har vore gjennom nokon sikkerheitskontroll dersom dei tok av frå ein liten privat flyplass eller eit jorde ein plass. Då kjem ein seg iallfall på innsida av flyplassgjerdet, sjølv om det er kontroll på kven som får kome inn i terminalbygget. (Trur ikkje man får gå så lenge i fred på flyplassområdet heller, men det er jo utruleg kva ein gul vest og eit tilfeldig id-kort kan utrette.)
(Når småfly tar av frå store/kommersielle flyplassar så må pilot&passasjerar gjennom vanleg sikkereitskontroll, som regel er denne i ein port på utsida, ikkje inne i terminalbygget.)
|