Sv: Synes du mat er spennende/interessant?
Det er interessant å lese om andre sine gourmeterfaringar, men eg et ikkje sånt sjølv. Eg les omtalane som andre les fantasybøker, trur eg. 
Eg likar ikkje å lage mat, mannen er svært allergisk mot utruleg mykje og eg har ei heil liste av ting eg ikkje likar, enten det er smaken eller konsistensen som er årsaka. I jobbsamanheng har eg vore på mange fine restaurantar og lagt igjen mesteparten på tallerken, så eg brukar ikkje pengar på slike dyre besøk privat, nei.
Mat for meg er (dessverre) stort sett noko eg treng for å overleve.
|