Sv: Streiken i staten trappes opp
Ettersom eg sjølv jobbar i staten for luselønn burde eg støtte denne streiken, men eg har litt flau smak i munnen.
Med tanke på korleis det er i Spania og Hellas no er eg eigentlig berre glad for at eg har ein jobb....
Sidan eg er Tekna-medlem høyrer eg til Akademikerne og ikkje Unio, så foreløbig har eg ikkje fått noko streikevarsel. Men det kan vel komme der også viss forhandlingane som pågår blir brutt. Då kjem eg nok til å slite litt viss eg skal stå streikevakt og argumentere for kvifor vi streikar. For vi har det bra her i landet. Også vi som jobbar i staten. Men eg får vel berre pugge informasjon eg får utdelt og jatte med.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|