Sv: Hvilken brystpumpe skal jeg velge?
Opprinnelig lagt inn av IzziCreo, her.
Fakse: Huff, det var jo kjipt da! Ja, enkelte bare vil ikke. Begge her har tatt flaske, men denne gangen er det viktig føler jeg - så håper ikke h*n finner ut at det er bare teit med flaske 
Når du ser for deg å gi cirka ei flaske om dagen og amme resten så ville eg nok satsa på å få amminga på skinner først. Føl deg trygg på at det går bra, bli kvitt innkøyringsproblem som kan gjere det lettare for ungen å foretrekke flaske (dieproblem, sugetak, brystvegring, lite mjølk, mykje mjølk, sterk utdrivingsrefleks, nakkevondter etc etc) eller lettare for deg å foretrekke flaske (sår, vondter, brystbetennelse heilt i starten osv).
(Eg meiner IKKJE at du kategorisk SKAL amme om du opplever noko av dette, men det er faktorar som du helst bør vere kvitt viss du klarer det, før du introduserer flaske.)
Fordi - spesielt i starten så kan det funke heilt fint med koppmating (vidoi på ammehjelpen.no), det får i ungen mat og andre kan gi maten, og det fører ikkje til sugeforvirring. Det funker heilt fint i starten sidan nyfødte uansett skal ha små porsjonar mat då (spesielt når du vil kombinere med amming - det er ikkje spesielt lurt å satse på amming kvar einaste gong barnet vil ha pupp samtidig som du forventer at den skal sluke 120 ml flaske den gongen om dagen den skal ha flaske. (120 ml vil utgjere 1/5-1/6 av dagsinntaket til ein gjennomsnittsbaby på nokre få veker.)), det er litt verre å koppmate etterkvart fordi porsjonane gjerne blir større og ungen har meir muskler til å veive med armene -men det går da også.
Så koppmating kan fint brukast både om du vil gi mat utan pupp veldig tidleg, og om ungen viser teikn til flaskevegring - du er ikkje automatisk fastsugd til ungen i dei neste par-fire månadane av den grunn.
|