Sv: Farge stripet hår
På akkurat dette området har eg mykje erfaring. Eg ville ha tatt det trinnvis. Først ville eg ha farga håret i ein gyllenblond tone for å mette det og for å tilføre håret gylne pigment (for å unngå grønnskjær). Dette kan du like godt gjere heime. Når den fargen går seg til (etter ei til to veker) kan du vurdere om det er den fargen du vil halde fram med, eller om du vil gå mørkare/kaldare. Hugs å la fargen sitte i heile den anbefalte tida. Elles tek ikkje bleika/stripa hår til seg nok farge.
|