Sv: På tur med bhg i buss og maxi-taxi
Som fleire seier så er det lov å transportere barn i buss (altså over 10 seter) heilt utan sikring. Viss det FINST sikringsutstyr så SKAL dette brukast av barn under 3 år, men om det ikkje finst så skal dei sikrast med vanlege sikkerheitsseler (som skal finnast om bussen har minste enn 40% ståplassar, dvs alt anna enn "vanlege" bybussar).
Eg klarte å ikkje eksplodere då det ved leveringa samme dag kom fram at minibuss var framkomstmiddel då 1- og 2-åringane i barnehagen skulle på konsert før jul (eg antok det var buss, sidan både barnehage og konsertlokalet er nær busshaldeplass), og det endte med at Ungen fekk vere med sidan vi hadde snakka om det ved frukosten ein halvtime før.
Eg gav klar beskjed om at neste gong måtte dei varsle i god tid, slik at vi kunne bli med og køyre, evt slik at vi ikkje fekk henne til å glede seg ved å snakke om det på forhand.
I bussulykka i Danmark for eit par veker sidan var alle barna sikra med seler. Så vidt eg skjønte var det eit selskap som spesialiserer seg på frakt av barn, og av den grunn har meir sikringsutstyr enn bussar av den typen vanlegvis har. Om dei hadde spesialseter/barneseter eller vanlege seler veit eg ikkje. Ein norsk minibuss har sjelden nok puter/beltestolar til alle setene, sjølv om dei ofte køyrer rundt med hattehyllene fulle.
|